torsdag 18. januar 2018

Kva er verst? Å gjera det vonde - eller å ikkje gjera det gode?


Det gode vi ikkje gjer av Ragnhild Kolden. Samlaget, 2017.


Selma Salinger er SVÆRT irritabel. Mest på den vakre gledesspreiaren av ei ung nabokvinne, så på mannen – og dernest på mest alle andre. Det er så mykje som går på tverke for henne. Ho er ein uføretrygda storrøykjar med ryddemani og slett inga sympatisk dame. Vi forstår etterkvart at det har sine grunnar.

Dottera Jenny (24) ligg på psykiatrisk sjukehus med armane fulle av kutt. Jenny er det viktigaste for Selma, men det blir alltid krangel og vonde ord mellom dei. Noko har skjedd – langt attende, og det har noko med Paul Lund å gjera. Ein gong skulda Selma han for eit alvorleg brotsverk, men han vart frikjend. Etter mange år kjem han flyttande attende til bygda. Korleis våger han?

Selma slit med fortida og sitt eige sinn. Ho går grytidlege turar i skogen kvar morgon – det gjev ro ei lita stund. På desse turane spionerer ho på huset til Paul, og ho er rasande på han fordi ho meiner han er skuld i alt vondt i livet hennar. Men er han det? Kven har skuld, kven er skurk, kva er realitetar og kor mykje kan ein bera aleine? Og kva er verst; å handle - eller å la vera å gjera det gode?
Det er ei krypande spenning som byggjer seg sakte opp gjennom historien, og Samlaget gjev boka merkelappen «psykologisk thriller». Spennande, intenst og innsiktsfullt om menneskesinnet.


Anbefalt av Anne Kristin Rødal, Os bibliotek Bjørnsons minde


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar