torsdag 12. oktober 2017

Stor-europeisk historie sett frå ei fjellhylle i Sognefjorden



800 meter til fjells over Sognefjorden med stupbratte bergveggar, glatte sva og svimlande utsyn, ligg småbruket «Hylla». Her har ein tysk olding busett seg aleine. Han har rutinar for dagane for å halde livet på plass, arbeider med ved og husarbeid, og får av og til besøk av huseigaren og vesle Helga.

Oldingen – Adjutanten – levde frå 1871 til 1968. Han var offiser for keiser Vilhelm II under fyrste verdskrigen, og var med keisaren på segltur i Sognefjorden på 1890-talet, i det same landskapet han  no har busett seg. Adjutanten var fødd i året for Tysklands samling, opplevde keisarriket, Weimar-republikken, Hitlers valdsregime og dei to tyske statane etter andre verdskrig. Han hadde ei høg militær stilling, og hadde slik stort ansvar og var i mange høve med der avgjerdsler som førde til overgrep og gru vart tekne. Difor bér han óg på stor skuld, og arbeider seg gjennom dagbøker, brev og minner for å klargjera sine val, sitt ansvar og korleis alt kunne skje.

Kontrastane mellom kvardagslivet på «Hylla» og den dramatiske, europeiske historia  gjennom mest 100 år, gjer dette til ei levande, fengslande og interessant bok. Adjutanten planlegg innkjøp og julefeiring samstundes med tankane han stadig strevar med; plikt, skuld, makt, og den einskilde sitt ansvar der stormakter turer fram trass i all fornuft og moral. Minnene frå keisaren si framferd i Sognebygdene for hundre år sidan er sterk lesing.


Forfattaren Jørgen Norheim har skrivi fleire romanar – mellom anna «Aldri redd for mørkets makt» frå 2016. Her fylgjer vi ein norsk, radikal familie over fire generasjonar. Frå oldefaren som vervar seg til å byggje opp idealsamfunnet i Russland – og forsvinn, til Tor Steinar som blir aktiv revolusjonær i studentmiljøet på 70-talet, og til slutt Hege – som må løyse kriminalgåta med forfedrene.


Jørgen Norheim er forfattar, historikar, T-baneførar og tidlegare redaktør i Syn og Segn. Han er fødd i Sollia, oppvaksen i Valdres, og bur no i Berlin. Med hytte på Os, er han mykje i Nord-Østerdal.


Onsdag 1. november kan du høyre han i samtale med Jon Ola Kroken i Bokbad på Os bibliotek.


Anne Kristin Rødal, Os bibliotek Bjørnsons minde

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar