Yrke: Oversetjar. Hobby: Leigemordar
Eller omvendt
– eg er sanneleg ikkje heilt sikker. Gudolv Gudvolden er oversetjar av
europeiske,
litterære klassikarar. Han skriv godt, arbeider omstendeleg og treng ikkje
forhaste seg. Kjæresten tykkjer nok at det er litt rart at han tener så mykje
på desse få oversetjingane, - men - han
sper jo på med premiar frå internasjonale skytterstemne, der han deltek – og
vinn årleg. Imponert er ho – både over
pengepremiane og skyttertalentet, når trener han eigentleg? Men Gudolv fortel
ingen ting, og vil aldri ha henne med. Da misser han konsentrasjonen, seier
han.
Han er nok
ikkje på skytterstevner, nei, - han er ute i Europa og tener store pengar på
årlege oppdrag som leigemordar. Han ER
ein god skyttar, han HAR konsentrasjon, ER iskald, og utfører jobbane utan feil
.Det går bra, og han er snart ferdig. Berre eitt oppdrag til, så er avtalen
fullførd og alt betalt....
Samstundes flytter
ein ung matematikklærar med familien sin frå heimlandet Tyrkia til Tyskland. Han har
bakgrunn i den tyrkiske hæren og har traumatiske og grusomme
opplevingar bak seg. Han blir hylla som helt – og det er han, men kanskje av ein heilt
annan grunn enn almugen trur. Haydir Temir lev med stor kjærleik og stor sorg,
urettvise som ingen kan tåle, og eit hell mange berre kan drøyme om.
To menn og to
lagnader som i utgangspunktet ikkje har noko med kvarandre å gjera.
Men – historien styrer mot ei voldsom og utruleg finale. Stor spenning og stor dramatikk, og Eclipse tyder «formørking»….
Men – historien styrer mot ei voldsom og utruleg finale. Stor spenning og stor dramatikk, og Eclipse tyder «formørking»….
«Eclipse» av Gert Nygårdshaug. Juritzen forlag, 2015.
Anbefalt av Anne
Kristin Rødal, kultur- og biblioteksjef, Os bibliotek